å skriva for web

det er annleis å skriva for lesing på web enn for lesing på papir.

dette er for oss som treng litt råd og “hugselapp” når det gjeld å skriva noko som er lett å lesa på web.

viktigaste fyrst

folk skummar ofte websider.  skumlesing gjer at den viktigaste informasjonen bør koma fyrst – start gjerne med konklusjonen.

avgrensning: skriv korte avsnitt, kortfatta setningar – mykje kortare enn på papir.  ha ein idé per avsnitt.

bruk gjerne overskrifter og lister

  • bruk gjerne lister for å ramsa opp fleire poeng
  • bruk gjerne overskrift – primært som hjelp til skumlesing
  • teksten skal gi meining på papir – unngå “klikk her” o.l., og bruk heller lenker med meining
  • det er lettare å legga merke til feit skrift enn kursiv skrift
  • skriv gjerne direkte til lesaren – slik får du lettare kontakt
  • anekdoter heller enn kompakte data

nøkkelord, søk

få fram nøkkelord – gjerne i overskrifter og i starten på avsnitt, som blikkfang.  tenk også på kva folk søker etter når dei ynskjer å finna innhald som det du skriv – og bruk slike ord i tekst og overskrifter.

som på papir

det som er smart når ein skriv på papir er også smart på web:

  • tenk på målgruppe
  • tenk på sjanger – kva vil du med teksten?
  • la konklusjon/ samandrag/ innleiing svara på kven, kva, når, kor, korleis

kjelder

lesetips

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *