Intro til Wikipedia

Wikipedia er eit oppslagsverk.  Det har mange frivillige personar
knytta til seg, og kven som helst kan bidra med informasjon om eit
tema.  Det finnest oppslagsverk på ulike språk, inkludert variantar som
bokmål og nynorsk, og ein artikkel om eit tema har lenker til artiklar
om temaet på andre språk.

Artiklane i Wikipedia har ein versjonshistorikk, dvs at kvar endring av
ein artikkel kan sporast og sjåast på i ettertid.  Såleis er det mogleg
å sjå kva ein konkret person har bidratt med i ein artikkel, sjølv om andre har endra
artikkelen vidare etterpå.

For meir informasjon, sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Wikipedia.

Greitt å hugsa på ved skriving i Wikipedia-artiklar

  • Der er retningslinjer: http://nn.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Retningsliner
  • “Du treng ikkje læra kvar einaste regel utanboks før du deltek!”
  • Det du skriv vil truleg bli endra, justert eller tilpassa av andre.  Slik er Wikipedia.
    Det går likevel an å spora arbeidet du har gjort: gå til historikk-biten av artikkelen (lenke øverst), og velg versjonen av artikkelen før ditt bidrag, og versjonen med ditt bidrag, og klikk knappen for samanlikning av versjonar.  Då får du klart fram kva ditt bidrag er.  Den lenka som då kjem i adresselinja på web-lesaren kan du kopiera og senda til andre som du vil visa ditt bidrag til.
  • Sjå også litt om kva Wikipedia ikkje er: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Hva_Wikipedia_ikke_er


Hypertekst / lenker

Hypertekst er eit sentralt omgrep i Wikipedia, og i websider generelt.  Det betyr at all informasjon og alle detaljer som er relevante ikkje treng å stå på ei og same side, i motsetning til ein artikkel på papir, men kan lenkast til og skildrast meir detaljert ein annan stad.  I den grad kontekst er informasjon, noko det i høgaste grad er, så representerer altså lenker ein rik måte å knytta utførleg og relatert informasjon til eit tema.  Det å produsera konteksten, dvs finna relatert informasjon og knytta lenker dit, blir dermed også ein del av arbeidet med å formidla informasjon om eit konkret tema.

Meir informasjon: http://en.wikipedia.org/wiki/Hypertext

Praktisk

Det er greitt å oppretta ein brukar på Wikipedia på det språket du planlegg å bidra i (bokmål/samnorsk, nynorsk, engelsk, o.l.).  Det er mogleg å skriva inn informasjon utan å registrera seg, men då er det vanskeleg etterpå å visa at det er du som har skrive noko – kun ip-adresse vil då bli registrert på det du skriv inn.

Ved bidrag til informasjon om eit tema bør ein også hugsa på konseptet om hypertekst (jf over), dvs at alle detaljar om eit sekundært tema ikkje treng å stå i same artikkel som primærtemaet, men kanskje fortener ein eigen artikkel.

Objektivitet

Eit av grunnprinsippa til Wikipedia er at alle artiklar skal ha ein nøytral synsvinkel.

  • alle sider av eit ev omdiskutert tema
  • betyr ikkje “heilt objektivt”, men å følga alle partar i ein diskusjon rettferdig, og ikkje berre tala for éi side.

Referansar

Wikipedia er eit oppslagsverk, og skal ikkje innehelda personlege synspunkt eller erfaringar, ny forskning eller liknande.  Ein grei tommelfingarregel er at dersom det finnest ei referanse (td at den nye forskninga er publisert i eit vitskapleg tidsskrift e.l.), så kan du ta det med (og føra opp referanse til kjelda).