det er annleis å skriva for lesing på web enn for lesing på papir.
dette er for oss som treng litt råd og “hugselapp” når det gjeld å skriva noko som er lett å lesa på web.
viktigaste fyrst
folk skummar ofte websider. skumlesing gjer at den viktigaste informasjonen bør koma fyrst – start gjerne med konklusjonen.
avgrensning: skriv korte avsnitt, kortfatta setningar – mykje kortare enn på papir. ha ein idé per avsnitt.
bruk gjerne overskrifter og lister
- bruk gjerne lister for å ramsa opp fleire poeng
- bruk gjerne overskrift – primært som hjelp til skumlesing
- teksten skal gi meining på papir – unngå “klikk her” o.l., og bruk heller lenker med meining
- det er lettare å legga merke til feit skrift enn kursiv skrift
- skriv gjerne direkte til lesaren – slik får du lettare kontakt
- anekdoter heller enn kompakte data
nøkkelord, søk
få fram nøkkelord – gjerne i overskrifter og i starten på avsnitt, som blikkfang. tenk også på kva folk søker etter når dei ynskjer å finna innhald som det du skriv – og bruk slike ord i tekst og overskrifter.
som på papir
det som er smart når ein skriv på papir er også smart på web:
- tenk på målgruppe
- tenk på sjanger – kva vil du med teksten?
- la konklusjon/ samandrag/ innleiing svara på kven, kva, når, kor, korleis
kjelder
- digme
- web:2
- nettredaktor.no (om sjanger)
- useit.com, spesielt Writing style for print vs. Web (“Linear vs. non-linear. Author-driven vs. reader-driven. Storytelling vs. ruthless pursuit of actionable content. Anecdotal examples vs. comprehensive data. Sentences vs. fragments.”)
- Jurgen Appelo’s blog post checklist