God jul og godt nyttår!

God jul og godt nyttår til deg som les dette!

Det er godt å ha nokre rolege dagar, og gjera ting som å skriva denne helsinga. Hausten har vore travel i år, sjølv om det blir tid til å stoppa opp av
og til; og Trondheim har ein del fint å by på.



Hauststemning



Vinter i nabolaget

Det har vore mykje å gjera på i året som gjekk. Mykje arbeid, men også ein del opplevingar. Det kunstneriske høgdepunktet var kanskje å få vera med og
syngja for Kronprinsen og -prinsessa på gjestebod i haust, med SKRUK 🙂



Månen på veg over Mjøsa i sommar



Snølykter på hytta i påsken



Barndommens beste badestad – i Østfold

Ungane er ein stor del av livet, og dei veks til. Yngstejenta byrjar snart på skulen…
Dei byrjar å bli ganske data-kunnige også.



Fotball for alle penga
 


Gjort til kunst av motivet sjølv…

Vel – det var litt om mitt liv i året som gjekk. -Alt godt til deg i året som kjem!
God jul og godt nyttår frå Trondheim!